Me ynskjer at nærværstrening skal bli ein integrert del av oppveksten til barn i Vinje. Alle barnehagar, skular og helsesjukepleiarane i kommunen deltek i prosjektet.
Gjennom systematisk arbeid med livsmeistring og nærværstrening i barnehage og skule ynskjer me at barn:
- får eit fast pusterom i kvardagen
- får ein god balanse mellom aktivitet og kvile
- får styrka sjølvkjensla
- får auka empati og evne til å forstå andre
- får evne til å setje sunne grenser og meistre eige liv
- blir godt rusta til å takle motgang og stress
Dei praktiske øvingane er retta mot barn, med tanke på språk og innhald. Ei øving/aktivitet kan vare i alt frå 2-20 minutt, og vert tilpassa etter kva barna treng og er klare for der og då. Øvingane ber preg av leik, og ein er oppteken av å ha fokus på pust, kropp og hjartet. Det er også viktig med øvingar som styrkar fellesskap og samhald i gruppa, og som aukar samarbeid- og relasjonskompetanse.
Døme på tema/øvingar er:
- Pust
- Avslapping og avspenning
- Oppmerksomhet og fokus
- Massasje
- Yoga
- Samarbeid og relasjon
- Leik
Prosjektet har eigen facebookside, lenke til sida finn du her
Lik gjerne sida og få med deg kva som skjer i prosjektet.