Har du lyst til å ha ansvar for lønsarbeidet i Vinje kommune?

Du vil få ei nøkkelrolle på Vest-Telemarks største arbeidsplass, og vil ta del i utvikling av kommunens økonomiavdeling.

Dette gjeld særleg digitalisering av kommunens løns- og økonomitenester, nye arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting. Kort sagt - ei spanande stilling som skal vera med på å ta Vinje kommune inn i framtida.

Det er stor grad av sjølvstendig arbeid og mange spanande utfordringar – ingen dag er lik og det er store variasjonar. Tenesteområdet er også ei støtteeining for heile kommuneorganisasjonen, og som lønsansvarlig vil du ha ein viktig funksjon her.

Oppgåver knytt til stillinga blir mellom anna:

  • Fagansvar knytt til kommunens lønsarbeid
  • Koordinering av lønsrelaterte oppgåver og rapportering
  • Arbeid med sjukelønnsrefusjonar – avstemming og innsending av skjema til NAV
  • Systemansvar for lønssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystem
  • Vera ein pådrivar når det gjeld utvikling av fagområdet
  • Digitalisering og automatisering av rutinar, prosessar og system
  • Ansvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i einingane ved behov
  • Kontakt og oppfylging mot kommunerevisjonen
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskaper:

  • Det er naudsynt med gode datakunnskaper
  • Kjennskap og erfaring frå økonomisystemet Agresso og GAT er ein fordel
  • God økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver
  • Kandidaten har utdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksis
  • Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
  • God evne til samarbeid
  • Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar til fagleg godt arbeid

Personlege eigenskaper:

  • Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver
  • Du har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaper
  • Du er nøyaktig og opptatt av detaljar 
  • Du er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet
  • Du er proaktiv og løysningsorientert 
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Du har evne til å motivere andre og jobbe i team
  • Du er utadvent og på leit etter nye og betre løysingar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskaper.

Me kan tilby løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar, full barnehagedekking og hjelp til å skaffe bustad.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling i eit godt miljø. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysingar om stillinga blir gjeve av plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik på e-post: gryak@vinje.kommune.no eller mobil 92 85 00 37.

Søknad må sendast på elektronisk skjema. Skjema finn du her

Velkomen som søkjar i Vinje kommune.  Les meir om livet i Vinje på vinjenaturligvis.no