Denne veka blir Pride markert i Vinje, og regnbogeflagget er heisa utanfor kommunehuset i Åmot. 

I retningsliner for flagging i Vinje kommune står det: “Det blir flagga med regnbogeflagget i ei av årets veker, samstundes med felles markering i Vest-Telemark eller under markeringa som finn stad i hovudstaden. Rådmannen har fullmalkt til å avgjere kva for veke kommunen deltek”.  

Vinje Bygdepride blir arrangert laurdag 31.august 

Arrangementet startar med regnbogegudsteneste i Vinje kyrkje kl. 12.00, der Tor Eivind Erikstein leier mangfaldsgudstenesta. Etter dette er det parade langs Jordivegen og ned til Vinjesenteret. Der blir det appellar av ordførar Jon Rikard Kleven, representant frå Helsestasjon for ungdom, og initiativtakar Vilje Augustin Juvskås. Dagen blir avslutta med konsert av Sigrid Aase og gratis is. 

Det er Vinjesenteret, Vinje Helsestasjon for ungdom, Vinje Frivilligsentral, Venelaget for Vinjesenteret, Uliveti og initiativtakar Vilje Augustin Juvskås som skipar til arrangementet. 

Les meir om arrangementet her, på “Kva skjer i Vinje”