For å sikre innbyggarane mot faktorar i miljøet som kan verke negativt inn på helsa, har visse typar verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Meldinga bør innehalde ei kortfatta oversikt over positive og negative miljøforhold som kan verke inn på helsa.

Desse har meldeplikt

  • Asylmottak       
  • Hospits
  • Campingplassar og liknande
  • Undervisningslokale og andre forsamlingslokale
  • Verksemder som slepp ut avløpsvatn
  • Verksemder som har kjøletårn og liknande innretningar
  • Badeanlegg, inkludert boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
  • Frisør- og hudpleieverksemder

Handsaming

Når du sender melding, inneber ikkje det at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg. 

Badeanlegg, basseng, badstoger o.a

Eig du eit badeanlegg, basseng eller ei badstove som er offentleg tilgjengeleg? Då er det fleire krav til helse, tryggleik, hygiene og drift som du må ta omsyn til.

Før badeanlegga (som òg inkluderer bassengbad, badstuer og boblebad) blir tatt i bruk, og ved endringar i drifta, skal eigaren gje kommunen melding om alle forhold som kan verke inn på helse, hygiene eller tryggleik for brukarane. For boblebad spesielt skal meldinga mellom anna innehalde opplysningar om utforminga og kva modell/type boblebadet er.

Badeanlegg skal vere tilfredsstillande for helse og hygiene.  Dei skal vere utforma slik at dei førebyggjer ulukker. Personellet skal ha opplæring i persontryggleik, og det skal utarbeidast instruksar for brukarane. Det skal takast jamlege prøver av vasskvaliteten.