Kommunen kan undersøkje saka og eventuelt gje pålegg om konsekvensutgreiingar, retting, tvangsmulkt eller stans.

Plager kan til dømes knytte seg til inneklima i offentleg bygg:

  • Støy
  • Luftureining eller lukt
  • Skadedyr / sopp
  • Risiko for ulykker
  • Røyking

Styresmakter og publikum veit i dag mykje om kor viktig miljøet er for helsa, og om kva som kan føre til sjukdom og plager. Kommunen har eit ansvar for å drive førebyggjande arbeid og føre tilsyn med ulike miljøfaktorar og verksemder, slik som institusjonar, fabrikkar, serveringsstader og husdyrhald.

Det treng ikkje å oppstått helseskadar eller ulemper før du melder frå til kommunen. Det kan vere aktuelt å setje i verk tiltak før nokon har blitt sjuke.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysingane som er naudsynt for å vurdere om det er heimel for å påleggje ei verksemd eller ein eigedom å gjennomføre tiltak for å fjerne/minske negativ helsepåverknad. Kommunen kan bruke verkemiddel som vedtak om gransking, retting, stans og eventuelt tvangsmulkt. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit rimeleg forhold mellom nytte og kostnad ved eit tiltak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. 

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, har du høve til å klage.