Vest-Telemark Museum

Fem museum i Vinje kommune er i dag medlem av stiftinga Vest-Telemark Museum, som står for drifta av alle anlegga. Les meir om musea og opningstidene her.

Musea får eit kommunalt tilskot. Desse midlane vert kanalisert gjennom stiftinga Vest-Telemark Museum, der anlegga får tilgang på museumsfaglege tenester. 

Vinje kommune er eigar av kunstsamlingane ved Dyre Vaa-samlingane ved sida av at dei eig dei andre anlegga med bygningar og innhald, utanom Øyfjell Bygdemuseum.

 

Forsvarsmuseet

Forsvarsmuseet i Åmot står førebels utanom ordninga med Vest-Telemark Museum. Dersom ein ynskjer omvising her kan ein ta kontakt med Halvor Øygarden eller Paul Strandskogen.