Når skal barn vere heime frå barnehage og skule?

Ungar i barnehage og barneskule med rennande nase og som har god allmenntilstand treng ikkje halde seg heime. Hugs det er du som kjenner barnet ditt best og veit når det er sjukt/ har nedsett allmenntilstand og bør vera heime.

"Vanleg", lett rennande nase, som er vanleg haust- og vinterstid, er greitt så lenge barnets allmenntilstand elles er god og det ikkje er teikn til feber eller hoste eller halsvondt. Barn i barnehage- og barneskulealder med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand, treng derfor ikkje å haldast heime eller testast. Det same gjeld kjende symptom på kjend allergi.

Viss du har eit barn som vaknar med feber og ikkje er i form, må barnet vere heime og det bør testast for covid-19. Ved milde luftvegssymptom utan feber og hoste, kan de sjå an tilstanden heime i to dagar. Dersom tilstanden til barnet ikkje blir betra, blir tilrådd testing av barnet. Ved rask betring kan barnet gå tilbake til barnehage/skule utan at testing blir gjennomført.

Dersom barnet har hatt ein luftvegsinfeksjon kan barnet komme tilbake til barnehage eller skule, så lenge allmenntilstanden er god, sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som snørr (uansett farge) og hostar av og til. Slike symptom er vanleg i tida etter luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Dette gjeld så lenge symptoma kan knytast til den luftvegsinfeksjonen barnet har hatt, og dei ikkje er nye eller aukande.

Utdanningsdirektoratet har informasjon til foreldre og barn. Her finn du òg informasjon på ulike språk.