Grunna periodeskille i arkivet til kommunen blir ikkje post journalført i perioden 20.12.2019 t.o.m. 31.12.2019. 

All inngåande post blir opna og stempla med motteke dato. Einingane får informasjon om kva som kjem inn av post slik at dei har moglegheit til å ta kontakt med innsendar dersom det skulle vera nødvendig. Dette fører til redusert sakshandsaming i denne perioden, og det blir heller ikkje oppdatert postjournal i nemnde periode. F.o.m. 02.01.2020 startar me opp igjen med journalføring av post. 

Grunna fylkessamanslåinga Vestfold og Telemark får kommunane nye kommunenummer. I samband med dette vil det vera ein rekke datasett, verktøy og tenester som skal endrast. Dette fører mellom ana til nedetid i matrikkelen og kommunekart, og påvirkar då alt arbeid som har med matrikkelføring og kart å gjera. Dette skal også vera på plass på nyåret, men ein må reikne med litt tid før alt som har blitt liggande på vent er klart.