Plan- og miljøutvalet vedtok 16.10.19, sak 19/13, i medhald av plan- og bygningslova § 12-10 å leggje dette framlegget til detaljregulering ut til høyring og offentleg ettersyn.

Hovudelementa for planarbeidet er å forlenge køyrevegen internt i området nordover i planområdet med fleire parkeringsplassar, legge til rette for fleire bueiningar/ omsorgsbustader, auke parkeringskapasiteten og sette av areal til uteområde.

Dagens sti-situasjon med sti opp til Utgardsvegen er tenkt regulert inn som gang- og sykkelveg som kan brøytast opp om vinteren.

Planframlegget kan du òg sjå på Tenestetorget i Åmot, eller du kan kontakte Vinje kommune på telefon 350 62 300.

I perioden for offentleg ettersyn kan alle koma med skriftlege merknader til Vinje kommune. Høyringsfristen er sett til 31. januar 2020.

Planskildring
Føresegner
Plankart