Kenneth Haugland er tilsett som avdelingsleiar i Vinje kommune for legeavdelinga/legevakt Tokke-Vinje. Han er 40 år gamal og kjem frå Seljord. Kenneth er utdanna sjukepleiar og ambulansearbeider, han skal jobbe både som leiar og aktivt i legevakta for å halde seg oppdatert på det fagelege.

Dei siste 10 åra har Kenneth jobba i ambulansetenesta i Telemark, Seljord og Rjukan, han har elles mykje erfaring frå fleire område innan helse og omsorg, sjukehus, legevakt og legekontor. 

Han seier han har blitt teke veldig godt i mot i Vinje Kommune, og ser fram til å starte på utfordringane som ligg føre. Av større prosjekt på lista er det ombygging av legekontoret, som skal gjennomført i løpet av 2020, noko som vil betre tilhøva på kontoret både for pasientar og tilsette.