Den nye endringa er at du no ikkje lenger treng å inngå eFaktura avtale med den enkelte bedrift, men at du mottek eFaktura frå alle som tilbyr denne tenesta.
Du må huke av for «ja takk til alle» i nettbanken din. Bedrifter kan då nytte opplysningane den har om deg, som namn, adresse, eventuelt mobilnummer og epostadresse, til å søke opp din unike eFakturaadresse og sende deg eFaktura.
Efaktura gjer at du enkelt får rekningane for kjøp av vare og teneste frå bedrifter, dersom du har takka «Ja takk til alle» på ei betalingsflate som tilbyr eFaktura.
Du mottar eFaktura enten i nettbank, Vipps eller mobilbank og dei må godkjennast eller slettast der.

eFaktura frå Vinje kommune
Alle som ynskjer eFaktura frå Vinje  kommune må krysse av for «Ja takk til alle» i sin nettbank.

Me oppmodar alle til å velje eFaktura! Då unngår ein feil ved betaling, og færre papirfakturaer. 


Les meir om den nye eFaktura tenesten på efaktura.no