Ny kommunedelplan (KDP) Rukkemo og Torvetjønn blei vedteke av kommunestyret 16. juni.

Jf. plan- og bygningslova §§ 11-6 og 12-4, er planen bindande for nye tiltak frå kommunestyret gjorde sitt vedtak.
Ny KDP gjeld då også for søknader som kom inn til kommunen før 16. juni, men som enno ikkje er handsama.

Det betyr altså at denne planen no gjeld for alle eigedommar innafor planområdet.
Rekkefølgjekrava må difor oppfyllast for alle søknadar som ikkje er handsama før 16. juni.
Eventuelt kan ein søkje om dispensasjon frå rekkefølgjekravet.

I slike tilfelle vil det bli sett vilkår i løyvet om at søkjar/tomteeigar må delta i opparbeiding av rekkefølgjekrava på eit seinare tidspunkt.
Dersom ein søkjer om dispensasjon så rår ein til at det blir søkt om rammeløyve.

Dispensasjon kan gjevast på følgjande vilkår

  1. Dispensasjonen vert gjeve mellombels og på ubestemt tid, og kan når som helst trekkjast tilbake av kommunen.
  2. Det skal tinglysast ei erklæring på eigedommen der noverande og framtidige eigarar bind seg til å betale ein forhaldsmessig del av kostnadar knytt til opparbeiding av rekkefølgjekrava i planen, dette jf. plan- og bygningslova § 19-3 andre ledd.
  3. Det blir ikkje gjeve igangsettingsløyve før nemnte erklæring er tinglyst på eigedommen.

Sjå saksframlegget her