Når sommaren kjem er det trekking av trimkortpremiar og gåvekort for spreke trimmarar i Vinje kommune. I år er det ny rekord med heile 271 deltakarar. Ordninga frå 2008 har vorte tradisjon, og har som mål å motivere tilsette på eit lågterskelnivå for å vere i fysisk aktivitet. Deltakinga har som regel halde seg stabil, men i år med nesten halvparten av dei tilsette som deltakarar. Arbeidsgjevar ynskjer at dei tilsette skal ha ei god oppleving av å vere aktive, som også har ein førebyggande helsegevinst og gunstig for å auke jobbnærværet.

Premiane er gåvekort på kr 600,- og 1200,- som vert nytta på dei lokale sportsbuine. I tillegg er det trekking av tre større flotte premiar sponsa av sportsbuine og arbeidsgjevar. Kostnaden for ordninga er vel anvende midlar for å førebygge god helse og trivsel, og rådmannen takkar sportsbuine som stiller opp og støttar kvart år. Kva årsaken til ny deltakarrekord er kan ein jo spekulere i om det er koronaen som har påverka lysta til å trimme .

Vinnarar:

  • Sykkel, verdi 12000,- Sport1/Fristad: Janne Anita Krogstad, Edland barnehage
  • Gåvekort, verdi 10000,-, Vinje kommune: Biljana Zivanivic, VHO ( Rauland omsorgssenter )
  • Gåvekort 6000,-, Rauland Fjellsport: Laila Veslestaul, VHO ( legekontor / legevakt )

Biltete: Framme med sykkel, Janne Anita Krogstad, Biljana Zivanovic og Laila Veslestaul
Bak: Tone Hild Sørland Lyslid, HMS-rådgjevar, Margit Elise Karlsen, organisasjonssjef, Jan Myrekrok, rådmann, Knut Seltveit, personalrådgjevar, Kjersti Torvetjønn, Rauland Fjellsport og Toril H.K.Svalastoga Sport1/ Fristad