Frå og med fyrstkomande helg og utover sumaren/hausten vil Rune Aarhus og Knut Olav Edland igjen vere på plass i sin rolle som utmarksoppsyn i Vinje.

Karane kan dykk treffe på kor som helst i Vinje og dei håpar på å treffe fastbuande, turistar, hundar i band og sau som trivast på beite.

Tak gjerne kontakt om dykk treff på karane.
Still spørsmål eller gjev opplysningar som kan vera nyttige for å hjelpe oss til å taka vare på og verne om husdyr, vilt og vår flotte natur.
Rune tlf. 41 20 25 06
Knut Olav tlf. 95 29 20 85

Utmarksoppsynet vil kvar veke frå og med veke 26 kome med ein liten rapport frå førre vekes oppsyn.

Me ynskjer alle ein flott sumar i Vinjes flotte natur!