Regjeringa har no kome med nye restriksjonar og anbefalingar gjeldande fram til og 18. januar 2021. Dei kan du lese her

I Vinje blir fylgjande tiltak gjort:

Skule og barnehage

  • Raudt nivå på u-skule ( Edland, Rauland og Åmot)
  • Gult nivå på Øyfjell skule
  • Edland skule har heimeundervisning i veke 1
  • Barnehagane er opne. Edland barnehage på raudt nivå, dei andre barnehagane på gult nivå.
    Her finn du meir informasjon om raudt og gult nivå (trafikklysmodell)

Kultur

  • Symjehallar, treningsrom og kulturhusa er stengt fram til og med 18. januar.
  • Kulturskulen utset oppstart fram til etter 18. januar. Det blir jobba med å få til digital undervisning i denne perioden. Lærarane tek kontakt
  • Bygdekinoen avlysast
  • Biblioteket er ope, men berre 5 besøkande om gongen.

Institusjonar

  • Sjukeheimen i Åmot og omsorgsbustader i Åmot og på Rauland er opna for besøk. Les meir om besøksrutiner her
  • Nordheimstunet omsorgsenter er framleis stengt for besøk
     

Kommunen sin anbefaling om å bruke munnbind på offentlege stadar blir forlenga fram til og med 18. januar.