Tidleg i november møttest 16 verksemder frå heile Vinje til oppstartsmøte i COM3-prosjektet.

Det er Vinje kommune, saman med Universitetet i Søraust-Noreg (USN), som har tatt initiativ til prosjektet. COM3 er eit interregionalt EU-prosjekt, med deltakarar frå landa i Nordsjø-regionen, det vil seie Danmark, Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia, Sverige og Noreg.

Næringsutvikling gjennom digitalisering
Det overordna målet med prosjektet er å sette kommunar, fylke og regionar i stand til å støtte det lokale næringslivet med å skaffe seg digital kompetanse.

− Kommunen ønskjer gjennom dette prosjektet å ta ei meir aktiv rolle som partnar og tilretteleggar for næringslivet. Alle dei små verksemdene våre er utruleg viktige for kommunen, og vi ønskjer å medverke til at dei kan drive godt og utvikle seg vidare, seier Anders Sandvik, assisterande rådmann og prosjektansvarleg i Vinje kommune.

Mange gode innspel frå verksemdene
Vinje kommune skal gjennomføre eit pilotprosjekt som del av hovudprosjektet. Kommunen er i ferd med å knyte til seg ei gruppe interesserte verksemder som vil ta del i piloten. På oppstartsmøtet fekk dei frammøtte verksemdene informasjon om prosjektet, før dei sjølve medverka med nyttige innspel om utfordringane dei har i kvardagen.

− Første steg er å bli betre kjent med det lokale næringslivet og kartlegge kva for utfordringar og behov verksemdene har. Dette første møtet var veldig nyttig og gir oss eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet, seier Kyrre Hegg, prosjektleiar i Vinje kommune.

Mange ressursar å spele på
Etter at prosjektleiinga har skaffa seg tilstrekkeleg kunnskap om viktige behov og utfordringar, er neste steg å jobbe fram moglege løysingar.

− Det er for tidleg å seie noko om konkrete løysingar, men vi ser for oss at kommunen og dei lokale verksemdene kan samarbeide om å løyse mange typar oppgåver og utfordringar, seier Kyrre.

Heilt sikkert er det at kommunen og verksemdene gjennom prosjektet får tilgang til kompetanse og ressursar. I Noreg er både USN og fylkeskommunen tett involvert i prosjektet, og mange andre aktørar har vist interesse. Sist, men ikkje minst, gir prosjektet tilgang til nye partnarar og kontaktar i landa rundt Nordsjøen.

Com3_Logo_4C-interreg.png