Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Politiske møte på nett

Her kan du sjå møte live på WEB-TV, samt opptak som ligg i arkivet

Plan- og miljøutvalet 16.09.20

Grunna Korona-situasjonen og kravet til å halde avstand, har kriseleiinga i Vinje kommune bestemt at ein må avgrense talet på personar inne på møteroma våre. Det vil seie at frå no av vil berre politikarane og nokre få frå administrasjonen ha tilgang til møteromet under politiske møte.

Likevel skal desse møta vere opne for ålmenta. Alle politiske møte i råd og utval vil difor bli sendt direkte på heimesida vår. Du kan óg ta kontakt med Reidun Lofthus (reidun.lofthus@vinje.kommune.no) og be om ei unik lenke til sendinga på møtedagen.

Dersom du ikkje har utstyr til å sjå ei slik sending, kan du møte opp på kommunehuset, så skal me ordne det slik at du får sett sendinga på ei maskin her. Avtal i tilfelle dette i forkant av møtet.

Dette gjeld for utvala formannskapet, plan- og miljøutvalet og oppvekst- og velferdsutvalet. Kommunestyremøta vil gå føre seg på Vinjehuset, og her vil det vere opent for ålmenta. Kommunestyremøta blir og sendt direkte på heimesida vår.