Postlista til Vinje kommune finn du her
 

Vest-Telemark Brannvern IKS kjøper arkivtenester frå Vinje kommune. Frå 01.01.22 vart selskapet si postliste publisert hos oss.

Postlista til Vest-Telemark Brannvern IKS finn du her

Postlista til Tilsynsutvalget for Hardangervidda finn du her
 

Informasjon

Informasjon om handsaming av saker er ein viktig del av kommunens internettsatsing. Når offentleg journal og utval ligg på nett, kan fleire fylgje med på kva som blir handsama. Større openheit og meir innsyn i kommunen sine aktivitetar er ein styrke for lokaldemokratiet.

Alle har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, med unntak av dokument som ikkje er offentlege heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis.

Postjournalen inneheld opplysningar om alle inn- og utgåande brev, eigedomsarkiv, planarkiv, næringsarkiv og integreringsarkiv. Postjournalen inneheld ikkje opplysningar frå elev-, barnehage- og personalarkiv. Du vil og finne arkivdokumenta til fylgjande interkommunale selskap i postjournalen til Vinje kommune: Vest-Telemark driftssenter, Kraftkompetanse KO og Vinje Datasenter Holding AS.

På grunn av kvalitetssikring blir opplysingar lagt ut tre dagar etter journalføring og er tilgjengeleg i 365 dagar. Du kan søkje i postlista via Elements publikum og bestille innsyn i dokument. 

Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf. offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Innsyn i eldre saker

Du kan krevje innsyn i dokument eldre enn 365 dagar skriftleg eller munnleg jf. offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Ta kontakt på tlf. 35 06 23 00, postmottak@vinje.kommune.no eller klikk her for lenke til elektronisk skjema.
Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.

Avslag og klagefrist

Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf. forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32.
Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. § 8 i offentleglova.

Pasient- og klientsaker

Pasient- og klientsaker blir ført i eigne fagsystem og postlister frå desse systema blir ikkje publisert på Internet av omsyn til personvernet.
Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Eventuelle spørsmål om innsyn i slike saker må rettast direkte til aktuell eining.