Småskuletrinnet
1.-4. trinn held til i same bygning som barnehagen, med eit stort og rikhaldig uteområde tett på naturen. 1.- 2. trinn går på skulen 4 dagar i veka med fri torsdagar. 3.- 4. trinn går på skulen 5 dagar i veka partalsveker, og har fri torsdagane i oddetalsveker.
SFO er for 1.-4. trinn.
Mellomtrinnet
5.-7. trinn held til på storskulen, i same bygning som ungdomsskulen og administrasjonen. Elevane har fri torsdagar i oddetalsveker. (7. klasse er på skulen 6 oddetalstorsdagar , der dei har naturfagsdag). Mellomtrinnet har uteskule som satsingsområde der me legg vekt på inkluderande skulemiljø. Elevane i 7. klasse er på leirskule i Kragerø kvart år veke 22.
Ungdomsskulen
8.-10. trinn held til på storskulen i same bygning som mellomtrinnet og administrasjonen. Ungdomsskulen har elevar frå Rauland og Øyfjell skule.
Elevane går på skulen kvar dag, men med kortare friminutt enn mellomtrinnet.
8. klasse reiser på vinterleirskule kvart år, og 10. klasse reiser på skuletur til Polen tidleg på hausten, der ein sjølvsagt del av dette er inkluderande skulemiljø.