Hovdestadmoen avfallsmottak i Åmot har utvida opningstida med ein dag. I tillegg til onsdagar frå kl. 14.00 - 19.00 er den no og ope på fredagar kl. 09.00 - 15.00.

Renovasjonskalenderen
Den blir ikkje lenger automatisk sendt ut, men du kan laste den ned her eller laste ned appen Min renovasjon. Informasjon om korleis du lastar ned appen, finn du her. (NB! har du allereie appen må du hugse å legge inn adressa di på nytt no frå 01.01.20 grunna nytt kommunenr)

Hytterenovasjon
Styret i Renovest har bestemt at det skal innførast  kjeldesortering på hytteavfall. Alle hytterenovasjonspunkt får nye konteinarar. Det vert eigne konteinar for mat, restavfall, plast, papp/papir og glas- og småmetall. I Vinje er dei no igang på delar i Vågslid og Rauland.
Renovest legg ut framdriftsplan på heimesida si, under hytteavfall. Link til sida finn du her.

Meir informasjon om renovasjonsordning finn du på heimesida til renovest.no.