I tråd med vedtak i plan og miljøutvalet 09.06.2021 varslar Vinje kommune oppstart av arbeid med rullering av Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter.

Som hovudprinsipp for det vidare forskriftsarbeidet skal ein freiste å vidareføre dei eksisterande traseane. Det er anledning til å koma med innspill til endringar og nye trasear. Løypene skal binde saman grendene, og det skal ikkje etablerast nye skuterløyper over tregrensa.

Når forslaget til forskrift og løypetrasear er klart, vert forslaget sendt ut på høyring og offentleg ettersyn med kunngjering i lokalaviser, på kommunens heimesider, sosiale media og på Tenestetorget.

Forskriftsarbeidet er heimla i motorferdselslova § 4a. Prosessen skal i tillegg følgje forvaltingslovas Kap VII om forskrifter og plan- og bygningslovas reglar for varsling, § 12-12, fjerde og femte ledd.

Forskrift for løypenett for fritifskjøyring med snøskuter finn du her

Oppstart av rullering av Forskrift for fritidskjøyring med snøskuter finn du her