Oppstart av rullering av KDP Rukkemo – Torvetjønn og høyring av framlegg til planprogram, etter vedtak i kommunestyret den 15.09.22, sak 67/22.
Planprogram
Planprogrammet syner formålet med planen, fristar, medverknad for grupper som saka spesielt gjeld, tiltak for vurdering og utredningar mm.
Planarbeidet
Då framlegg til ny kommunedelplan vart lagt fram for kommunestyret 16.06.2022, var den bygd på ein føresetnad at den skulle leggje til rette for omlag 900 tomter innanfor planområdet.
Kommunestyret reduserte utbyggingspotensialet til å omfatte berre allereie regulerte tomter. Føresetnadane for finansiering av rekkjefylgjekrav, knytt til planfrie kryssingar og nytt kryss til Holtardalen, som var sett i framlegg til KDP vart difor endra.
Kommunestyret vedtok difor at desse rekkjefylgjekrava skulle takast ut av planen og at ein skulle finne andre løysingar med tanke på trafikktryggleik. For å ta ut rekkjefylgjekrava, må planen rullerast. Parallelt med dette arbeidet, vil administrasjonen arbeide for å sjå på andre økonomiske og praktiske måtar å løyse ynskje om planfrie kryssingar på.
Markering for planfrie kryssingar, vil framleis liggje i plankartet etter rulleringa.