Arealstrategiar
Kommuneplanen sin arealdel er ein overordna, strategisk plan. Planen skal vise samanhengen mellom framtidig ønska samfunnsutvikling og arealbruk.
Arealstrategiane er utforma med utgangspunkt i føringar i kommuneplanens samfunnsdel for Vinje, og drøftingar i verkstad om kommuneplanens arealdel i kommunestyret 30.01.2024. Desse blir førande for vidare planprosess, både for grovsiling av innspel og utarbeiding av planforslag. Administrasjonen vil gjera ei grovsiling av arealinnspel som har kome inn til planarbeidet, og sile ut innspel som ikkje er i tråd med fastsette arealstrategiar. Resultatet av grovsilinga vil bli lagt fram til politisk handsaming før vidare arbeid med konsekvensutgreiing av arealinnspel.
Grovsiling av arealinnspel til kommuneplanen sin arealdel.
Kommunestyret vedtok 19.11.2024 i sak 156/24 kva for arealinnspel til kommuneplanens arealdel som skal konsekvensutgreiast. Kommunedirektøren la fram ei grovsiling av innspela basert på prinsippa i arealstrategiane som kommunestyret vedtok 16.04.2024 i sak 52/24. Kommunestyret vedtok denne grovsilinga slik den låg føre. Innspela som ikkje blei teke med vidare til konsekvensutgreiing er då forkasta og vert dermed ikkje vurdert vidare i denne planprosessen. Dette gjeld mellom anna alle innspel om fritidsbustader. Administrasjonen skal arbeide vidare med eit notat knytt til kommuneplanens arealdel i samband med kriterium for eventuelt frådeling av hyttetomter frå gardsbruk. Elles vart alle innspel om næring, bustader og utleigehytter teke med vidare til konsekvensutgreiing. Andre innspel som ikkje krev konsekvensutgreiing er ikkje handsama i denne saka.
Det er ikkje høve for å klage på dette vedtaket, jf. pbl § 11-15.