Samordningsmodellen i Vinje er organisert slik:
Styringsgruppe (som er Politirådet): formannskapet, politi og SLT-koordinator.
Arbeidsutval: representantar frå kultur, NAV, helse, barnevernssamarbeidet, politi, skule, barnehage og SLT-koordinator.
SLT-koordinatoren er pådrivaren/bindeleddet for dette samarbeidet, og skal koordinere samhandlinga mellom dei ulike nivåa og ressursgruppene. I Vinje skal koordinatoren samstundes vera sakshandsamar og sekretær for styringsgruppa og arbeidsutvalet.
Vinje kommune ynskjer å samordne ulike tiltak for risikoutsette barn og unge. Dette inkluderer kriminalitetsførebyggande tiltak innan fleire kommunale område.
Åtferdsproblematikk
- Hindre/redusere bruk av vald og trugslar.
- Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2016-2019.
- Auke ansvarskjensle og gjensidig respekt.
- TIBIR: Tidleg innsats for barn i risiko.
Psykiske problem
- Bidra til å styrke det tverrfaglege psykiske helsearbeidet blant barn og unge.
- Jobbe med å styrke ungdom til å ta vare på seg sjølv og andre.
Ungdomskriminalitet
- Bevisstgjera ungdom på å ta eigne val.
- Hindre utvikling av kriminelle valdsmiljø blant barn og unge.