Seniorsenteret på Rauland opnar 13. januar 2025!
Senteret vil halde til i lokala til Gamle Sondovbui i Rauland sentrum, og vil vera ope måndagar frå kl. 11.00 - 14.00. Her kan dei som er 60+ møtast til prat og hygge, og enkelte gonger blir det annonserte aktivetar som kurs, informasjon og føredrag.
I samarbeid med representantar for ungdomsklubben på Rauland har Gamle Sondovbui på Rauland blitt areal for både ungdomsklubb og seniorsenter. På den måten ynskjer me også å oppnå at me kan dra veksel av kunnskapsdeling mellom unge og eldre, og skape hyggelege og nyttige generasjonsmøte i lag.
Målet er å skape ein uformell, sosial møtestad som heilt og fullt er drive av brukarane sjølve, basert på frivilligheit.
Bakgrunn
I Folkehelseprosjektet «Liv og røre for eldre i Vinje», som blei avslutta ved utgangen av 2024, har eitt av måla vore at me skal leggje til rette for, og rekruttere til sjølvdrivne sosiale møteplassar. Prosjektet har ynskt å bidraga til at kommunale tenester og frivillige samordnar sin innsats, slik at eldre i Vinje kan vera aktive deltakarar i samfunnet, meistre eigne liv og ha fleire gode leveår med best mogleg helse, fellesskap med andre, tryggleik og livskvalitet.
Prosjektet har hatt samskaping som eit berande element, og innbyggjardeltaking har stått sentralt. I dialogmøte med seniorar i Vinje har behovet for å skape fleire uformelle sosiale møteplassar blitt lyft fram.
Kommunalområdet Helse og meistring har i sine planar nedfelt at meistring, deltaking og inkludering skal gjennomsyre all tenesteutvikling dei neste åra. Prosjektgruppa har saman med kommunalområde for Kultur, næring og fritid forma ideen om eit seniorsenter. Kommunestyret har løyvd midlar til oppstart av eit seniorsenter på Rauland, som ei pilotering av eit tilbod som er meint at kan vidareutviklast og finne si form også i dei andre tettstadane i kommunen.
Saman med ei gruppe seniorar i Rauland har ideen blitt konkret, og denne seniorgruppa har blitt til eit interimsstyre for pilotperioden januar-mai 2025. I denne perioden vil tilbodet bli prøvd ut og forma.