Stillinga er i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstid 35,5 t/v.

Heimetenesta i Øvre omfattar Norheimstunet omsorgssenter og heimetenester. Norheimstunet er eit bu-tilbod med tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, bebuarane får helse- og omsorgstenester etter behov.

Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Omsorgssenteret har 11 bebuarrom inne på Norheimstunet og er døgnbemanna, samt 4 frittståande omsorgsbustader ute på tunet.

Omsorgssenteret er base for alle heimebaserte tenester i Øvre distrikt.

Me har og eit eldresenter med kokk, som lagar middag to gonger i veka for bebuarane på Norheimstunet og eldre heimebuande i Øvre distrikt. 

Me har ei brukargruppe på omlag 45 stk.
Øvre distrikt området omfattar Edland, Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Heimetenesta i Øvre har ei personalgruppe som består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, kjøkenassistent og heimehjelper/assistentar, på til saman 25 stk.

Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og me ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss. 


Dine hovudoppgåver vil vere knytt til:

  • Samarbeid med ulike fagpersonar for å levere kvalitativt gode og føreseielege helse – og omsorgstenester til bebuarar på omsorgssentera, og til heimebuande slik at dei kan bu lengst mogeleg heime
  • Ivareta eit samla, godt tenestetilbod
  • Bidra til datasamling og funksjonsvurdering for å sikre god oppfølgjing av den enkelte bebuar/pasient i tråd med behov
  • Bidra med fagleg rettleiing i høve kollegaer og bebuar/pasient

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk
  • Gode samarbeidseigenskapar

Det vil bli lagt vekt på personleg eignahet. 

Me søkjer deg som 

  • Er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har samarbeids - og kommunikasjonseigenskapar som skaper trygge og gode relasjonar med bebuar/pasient, pårørande og kollegaer
  • Er fleksibel, løysingsorientert og trivs med varierte oppgåver
  • Jobbar sjølvstendig, er strukturert og engasjert
  • Er ein stabil arbeidstakar

Dersom det ved interne rokeringar vert ledige fleire stillingar, tilset me og i desse.
Vitnemål og attestar må takast med til intervju.

Søkjarar må ha førarkort klasse B. Politiattest må leverast før oppstart.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast

Søknaden skal du sende på elektronisk skjema. Lenke til skjema finn du her