Føremålet er å medverke til helsefremjande og førebyggjande arbeid blant barn og ungdom. Elevar og foreldre kan ta direkte kontakt, men skulen kan og vidareformidle behov.

Det er fysioterapeut, psykisk helsearbeidar og helsesjukepleiar tilknytt skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta omfattar tverrfagleg samarbeid mellom ulike instansar, både i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Helsesjukepleiar tilbyr

  • Individuelle samtaler med elevar og evt. foreldre.
  • Grupper med ulike tema som t.d. klassemiljø, trivsel, mobbing og venskap.
  • Helseopplysing, informasjon og rådgjeving om t.d. kosthald, fysisk aktivitet, kropp, pubertet, sjølvbilete, seksualitet, prevensjon, rus og mobbing. Dette føregjeng individuelt, gruppevis eller klassevis.
  • Målretta helseundersøking etter fastsett program.
  • Tilbod om samtale til born som opplever samlivsbrot.
  • Vaksinasjon etter fastsett program, sjå meir på www.fhi.no
  • Vekt / høgdemåling etter gjeldande program, sjå meir på www.shdir.no

Psykisk helsearbeidar tilbyr

  • Samtale, råd, og hjelp i høve til psykiske vanskar. Det kan vera spesifikke lidingar eller andre ting som elevane er opptekne av, som sorg, kriser, familieproblem, psykisk og fysisk sjukdom i familien, trivsel, venskap, mobbing, tristheit, bekymringar, kropp, seksualitet.
  • Samtale til born som opplever samlivsbrot.

Fysioterapeut gjev

  • Individuell- og gruppetrening til elevar med spesielle behov.
  • Undervising om kropp og fysisk aktivitet.
  • Rettleiing til skulen i høve til einskildeborn og grupper. Hjelpe til med tilrettelegging av gymnastikktimar.
  • Ryggundersøking på ungdomstrinnet.

Overføring av journal ved flytting og skulestart

Hovudregelen er at journalen skal overføras ved flytting til ny helsestasjon eller skulehelseteneste for å sikre ei fagleg forsvarleg oppfylging. Har du spørsmål i samband med oversending av journal, kan du ta dette opp med helsestasjonen før flytting.