Skulefritidsordninga (SFO) – 2023/2024 

Tilbodet gjeld for 1. til 4. klasse.

Dei som allereie har plass treng ikkje søkje på nytt, men beheld plassen fram til ei eventuell endring eller oppseiing. Me tek atterhald om endringar i tilbodet, og at ikkje alle ynskja kan bli imøtekomne. 
Elektronisk søknadsskjema finn de her.

Søknadsfrist: 1. april 2023 

Skuleinnskriving 

Alle barn som skal starte i 1. klasse i Vinje kommune hausten 2023, blir med dette invitert til å møte på den skulen de soknar til, for skuleinnskriving torsdag 23. mars. Klokkeslett for innskrivinga får de i brev frå skulen. 

Velkomne som elevar i Vinjeskulen!