Med kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere.

Du vil finne meir informasjon på offentlege nettsider, nettaviser, radio, TV og sosiale medier. NRK har eit særskilt ansvar for å bringe offisielle meldingar frå styringsmaktene.

Du kan også velje å følge Politiet i Sør-Øst 110 på Twitter, som er raskt ute med viktig informasjon.

Me legg ut informasjon på kommunens nettsider, Facebook og Twitter om kva som har skjedd, kva du bør gjere og korleis du kan få hjelp frå kommunen.

For å kunne motta råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1 bør du ha tilgang til ein DAB-radio som også er batteridreven.

Krisesituasjonar er uoversiktlege, og nokon kan ha eigeninteresser av å spreie feilinformasjon. Ver difor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder.

Beredskapslager

I lista ser du døme på ting du kan ha i huset for å klare deg i minst tre døgn:

  • Ni liter vatn per person
  • To pakker knekkebrød per person
  • Ei pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar pålegg med lang lagringsevne per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøttar, kjeks og sjokolade
  • Medisinar du er avhengig av
  • Ved-, gas-, eller parafinomn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gas
  • Stearinljos, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Fyrstehjelpspakke
  • Batteridreven DAB-radio
  • Batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/gas/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging

Om straumen og mobilnettet blir borte

Når straumen blir borte, forsvinn ikkje berre ljoset, men også elektrisk oppvarming og høve til å varme mat og vatn. Straumen kan bli borte i opptil fleire dagar. Er du førebudd?

Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap delar sine råd om korleis du kan førebu deg på straumbortfall. Les meir om det her


Mobilnettet kan også falle ut. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet har råd til korleis du kan førebu deg på sida om utfall i mobilnettet

Ved større straumbrot blir liv og helse fyrst prioritert, og det kan ta tid før du får straumen tilbake. Difor bør du vere førebudd på å klare deg utan straum i fleire dagar. Tenk gjennom kva du brukar straum til i kvardagen, frå du står opp til du legg deg. Er det noko av dette du ikkje ville klare deg utan?

Med desse enkle grepa er du betre førebudd på at straumen forsvinn.

Oppvarming

Ein vedomn eller ein peis er vanlege alternativ til straum som oppvarming. For deg som har desse alternativa i hus, sørg for å alltid ha eit minimum av ved på lager. Hugs også ekstra fyrstikker eller ein lighter i reserve. Det finns parafin- og gassomnar berekna på husstandar utan høve til anna fyring.

Mat og drikke

Vassforsyninga kan også bli borte når straumen går. Du bør difor alltid ha nokre liter vatn lagra. Til koking og steiking kan du bruke propanapparat og stormkjøkken.
Maten i frysaren kan bli øydelagt om straumen er lenge borte. Her kan du lese om korleis du held frysaren kald lengst mogleg

Ljos

Ha ein eller fleire lommelykter lagra på ein fast og lett tilgjengeleg stad. Ekstra ljospærer og batteri er også lurt å ha. Stearinljos og oljelamper er viktige alternative ljoskjelder. Om du nyttar oljelampe bør du også ha ekstra lampeolje på lager.

Batteriradio

Med ein batteridreven radio får du høyrt nyhende og meldingar frå styresmakter. Om du har bil kan du også bruke radioen der.

Naudstraum

Er du kritisk avhengig av straumforsyning? Med eit naudaggregat er du mindre sårbar for straumbrot.
Eit aggregat er ein motor som går på bensin eller diesel, og som produserer straum. Det finns fleire naudstraumsaggregat på marknaden. Desse får du tak i på byggevarehus og jernvarehandlarar.

Eit aggregat brukar mykje drivstoff. Skal du oppbevare drivstoff heime, bør du gjere naudsynte brannførebyggjande tiltak. Les meir om det her.

Jodtablettar ved atomhendingar

Dagens trusselbilete tilseier at jodtablettar kan bli aktuelt som tiltak ved atomhendingar over heile landet. Europas kjernekraftverk eldast og risikoen for alvorlege ulukker aukar. Ferdselen med reaktordrivne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande og ei ulukke med eit slikt fartøy kan gje radioaktive utslipp som rammar Noreg. Fare for terroraksjonar har også auka. Dersom det blir eit utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablettar vere eitt av dei tryggjande tiltak som Kriseutvalet for atomberedskap tilrår.

Vinje kommune delar ut jodtablettar om det blir behov for det.