SLT brosjyre 2019
Haust program 2019

Samordningsmodellen i Vinje er organisert slik:

Styringsgruppe (som er Politirådet): formannskapet, politi og SLT-koordinator.

Arbeidsutval: representantar frå kultur, NAV, helse, barnevernssamarbeidet, politi, skule, barnehage og SLT-koordinator.

SLT-koordinatoren er pådrivaren/bindeleddet for dette samarbeidet, og skal koordinere samhandlinga mellom dei ulike nivåa og ressursgruppene. I Vinje skal koordinatoren samstundes vera sakshandsamar og sekretær for styringsgruppa og arbeidsutvalet.

SLT tiltaksplan 2018-2019 og SLT verksemdplan 2018-2021 kan du lese her under vedtekne planar

Vinje kommune ynskjer å samordne ulike tiltak for risikoutsette barn og unge. Dette inkluderer kriminalitetsførebyggande tiltak innan fleire kommunale område.

Rusmisbruk

  • Hindre/redusere misbruk av rusmidlar.
  • Bevisstgjera ungdom på eigne val.

Åtferdsproblematikk

Psykiske problem

  • Bidra til å styrke det tverrfaglege psykiske helsearbeidet blant barn og unge.
  • Jobbe med å styrke ungdom til å ta vare på seg sjølv og andre.

Ungdomskriminalitet

  • Bevisstgjera ungdom på å ta eigne val.
  • Hindre utvikling av kriminelle valdsmiljø blant barn og unge.