Minner om søknadsfrist 1. juni til spesielle miljøtiltak i landbruket -  SMIL-tilskot

Ein kan søke om støtte til:

1.  Verdifulle kulturlandskap i innmark – istandsetting av gamal kulturmark med rydding og gjerding
2. Istandsetjing av verneverdige kulturminne knytt til jordbrukslandskapet – som til dømes bygningar og steingjerde
3. Turstiar i jordbrukslandskapet – etablering og istandsetjing
4. Minske ureining frå jordbruket til jord – overbygg eksisterande gjødsellager

Det vert gjeve tilskot inntil 50% av godkjent kostnadsoverslag i desse sakene, med høve til å justere etter etterspurnad og prioritering. Normal tilskotssats dei siste åra har i Vinje vore 20-30 % av kostnadsoverslaget. 

Søknadsfrist er 1 juni – alternativt 1 oktober om det er midlar att. 

Det kan gjevast tilskot til eigarar av landbrukseigedom (eller leigetakar) der jordbruksarealet er i drift. 

Les meir her

Søknadar skal sendast inn digitalt via Altinn