Minner om søknadsfrist 1. juni til spesielle miljøtiltak i landbruket -  SMIL-tilskot.
 

Formålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.

I Vinje har me denne prioriteringa:
  • Tiltak som tar vare på gamal kulturmark, og legg til rette for oppleving  i kultur¬landskapet – typisk rydding og inngjerding av attgrodd innmark for beitedyr.
  • Tiltak som tar vare verneverdige kulturminne knytt til jordbrukslandskapet – freda bygningar er ikkje lenger godkjent for tilskot. 
  • Turstiar i jordbrukslandskapet – etablering og ihttps://www.vtfk.no/meny/tjenester/kultur/kulturarv/tilskudd/tilskudd-til-verneverdige-kulturminner/standsetjing
  • Miljøtiltak: Tiltak som reduserer ureining frå jordbruket til jord, luft og vatn – overbygg eksisterande gjødsellager 
Søknadsfrist 1. juni – eventuelt 1. oktober om det er midlar att. 
Det er berre elektronisk søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her.


Normal tilskotssats i Vinje ligg på 20-50 % av kostnadsoverslaget avhengig av kor mange saker me får. 


  Me minner om desse tilskotsordningane til verneverdige bygningar: 


Vest-Telemark museum ved bygningsvernrådgjevar Trond Arild Pedersen tilbyr fylgjande i samband med ivaretaking og restaurering av eldre og bevaringsverdige bygg:

  • Enkel synfaring med rådgjeving. Praktiske gjeremål og tekniske løysingar
  • Synfaring med utarbeiding av tilstandsvurdering og fotodokumentasjon, og råd til søknad om økonomisk stønad
  • Alt innan rammene av eit gratis dagsverk.
  • Kontaktinfo: telefon 46 88 61 38 eller e-post:  tap@vtm.no.