Sommarjobb for ungdom
Er du på jakt etter din fyrste sommarjobb?
Vinje kommune ynskjer å tilby ungdom ein trygg og lærerik inngang til arbeidslivet innan ulike arbeidsområde i Åmot, Edland, Rauland og Øyfjell. Alle vil få moglegheit til å jobbe 3 veker i løpet av sommaren.
Kriteria for å søkje sommarjobb
- Du må vera busett i Vinje kommune.
- Du må ha moglegheit til å jobbe tre samanhengande veker i sommarferien.
- Tilbodet er for deg som gjeng ut av 10. klasse i vår, og til og med året du fyller 17 år.
Når og korleis blir sommarjobbane lyst ut
- Sommarjobb for ungdom blir lyst ut på heimesida til Vinje kommune, og innbyggjarappen friskus
- Utlysing kjem i februar kvart år
- Det er eige søknadsskjema for stillingane, som du må fylle ut.
- Søknadsskjema blir fjerna frå sida, når søknadsfristen er ute.
Kva kan du jobbe med?
Det vil vera litt ulike arbeidsoppgåver avhhengig av kor du får jobb.
Dette kan du søkje på:
- Sjukeheim/omsorgssenter
- Kjøkkendrift
- Skulefritidsordning (SFO)
- Barnehage
- Vaktmeistertenester
- Reinhald
Gjennom sommarjobben vil du få
- God arbeidserfaring
- Lære om ulike yrke og oppgåver
- Oppleve gleda ved å gjera ein innsats for andre
- God oppfylging
- Fleire interessante arbeidsmoglegheiter
- Du vil få arbeidsattest og referanse til framtidig jobbsøking
Slik søker du på jobb
Når du sender inn jobbsøknaden din er det viktig at du svarar på spørsmåla i utlysingsteksten. Dette er for å sikre at du som arbeidstakar blir ivaretatt på ein god måte.
I søknaden må du skrive noko om:
- kvifor du ynskjer jobben
- kor du ynskjer å jobbe
- kva for veker du kan jobbe
- om du har allergiar som kan påverke arbeidssituasjonen din (til dømes pollenallergi)
Dersom du har utfordringar som kan påverke arbeidsinnsats eller arbeidssituasjon, ber me om at du informerer arbeidsgjevar om dette i søknaden.
Kva gjer du når du har fått tilbod om jobb
- Tilbodsbrev
- Du vil motta eit tilbodsbrev på e-post frå Webcruiter med noreply adresse – OBS! denne kan legge seg i søppelpost.
- Fylg lenka du får i denne e-posten for å svare på om du mottek tilbod om stilling.
- Du vil også motta anna relevant og viktig informasjon på e-post.
- Det er derfor viktig at du sjekkar og les e-posten din jamleg.
- BankID eller MinID
Du må opprette BankID eller MinID for mellom anna å få arbeidsavtale, løn eller bestille frikort.
Rettleiing finn du her Lenke til et annet nettsted.
- Arbeidsavtale
- Arbeidsavtala blir sendt til di elektroniske postkasse – Digipost, e-box eller Altinn.
- Signer avtala med elektronisk signatur (e-signering) - bruk MinID eller BankID.
- For å signere avtala må du logge deg inn på signering.posten.no Lenke til et annet nettsted..
- Frist for elektronisk signering er 14 dagar.
- Sjå rettleiimg til elektronisk postkasse her Lenke til et annet nettsted.
Dersom du har vald å reservere deg mot digital post vil du få avtala tilsendt i postkassa. Du må signere avtala og levere til kommunen innan fristen du har fått.
- Sikker sending (E-dialog)
Du må ikkje sende teiepliktig eller sensitiv informasjon med vanleg e-post. For sensitive personopplysningar eller anna teieplikt informasjon, brev og dokument til Vinje kommune, må du nytte tenesta e-Dialog Lenke til et annet nettsted. , som er ein sikker kanal.
Døme på sensitiv informasjon er:
- Personnummer
- Kontonummer
- Helseopplysningar/diagnose
- Frikort
- Du må ha BankID eller MinID for å bestille frikort. Derfor er det lurt at du skaffar deg dette i god tid, slik at du har alt du treng dersom du får jobben.
- Du må også hugse å tildele beløp på frikortet. For døme på korleis du bestiller og tildelar i frikortet med MinID følg lenka til Stavanger kommune her: Ungjobb - Hvordan skaffe MinID og frikort on Vimeo Lenke til et annet nettsted.
- Dersom du ikkje bestiller frikort tidsnok, blir du trekt 50% skatt av løna di.
6. Politiattest
Dersom du skal jobbe i helse, barnehage eller SFO må du bestille politiattest.
- Du får eit brev frå oss med ei stadfesting på kva politiattesten skal nyttast til.
- Dette brevet legg du med, når du søker om politiattest.
- Politiattest søker du om på politiattest.no Lenke til et annet nettsted..
Løn og timeliste
Ungdom under 16 år tener kr 171,90 i timen.
Ungdom over 16 år tener kr 193,80 i timen.
Timeliste
- Du må fylle ut timeliste.
- Timelista må vera signert av både deg og arbeidsgjevar før du får utbetalt løn.
- Lever timelista seinast den 2. i månaden etter du har jobba.
Utbetaling av løn
- Løn blir utbetalt til din bankkonto den 12. i månaden etter du har jobba.
Sist oppdatert
