Aktivitetar, tilbod og kurs

Å vera aktiv, delta og bidraga gjev glede og meistring for mange, og det handlar ofte om å gjera noko saman med andre. Det gjev gode opplevingar og kjensle av å høyre til. Å vera i aktivitet er samstundes nødvendig for å utvikle og oppretthalde god helse, både fysisk og mentalt, og gjev auka livskvalitet.

Under Kva skjer kalenderen, blir det lagt inn arrangement og kurs i regi av lag- og organisasjonar, private og kommunen.

Seniorsenteret på Rauland held til i lokala til Gamle Sondovbui i Rauland sentrum, og er ope måndagar frå kl. 11.00 - 14.00. Her kan dei som er 60+ møtast til prat og hygge, og enkelte gonger blir det annonserte aktivetar som kurs, informasjon og føredrag. 

I samarbeid med representantar for ungdomsklubben på Rauland har Gamle Sondovbui på Rauland blitt areal for både ungdomsklubb og seniorsenter. På den måten ynskjer me også å oppnå at me kan dra veksel av kunnskapsdeling mellom unge og eldre, og skape hyggelege og nyttige generasjonsmøte i lag. 

Målet er å skape ein uformell, sosial møtestad som heilt og fullt er drive av brukarane sjølve, basert på frivilligheit.

Program for Rauland seniorsenter

Her kan du sjå programmet for vårhalvåret 2026 pdf, 124 kB.

Fylg med på aktvitetskalenderen Kva skjer, for oppdatert program veke for veke. Klikk deg vidare til kalenderen her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Seniorakademi gjev tilbod til dei som i moden alder og i sosialt fellesskap har lyst til å lære meir. Tilboda er opne for alle. Det er Folkeakademiet i Vinje som står for Seniorakademi i Vinje.

Me arrangerer foredrag, kulturtilskipingar og turar der me tek opp ulike emne, utan sikte på å gje formell kompetanse. Arrangementa kan vera på Vinjehuset, Raulandsakademiet eller Edland.

Me tek sikte på å ha eit foredrag i månaden på dagtid, med mat og røur etterpå. Vekedag kan variere, men fortrinnsvis torsdag eller fredag. Arrangementa blir lagt ut på aktivitetskalenderen “Kva skjer i Vinje”.

Gruppa som jobbar med Seniorakademi Vinje er: Synnøve Bratland, Knut Berdal Ringhus, Boudewijn Kerssemakers, Signe Marie Kittelsaa, Bibbi Tveito og Heidi Hylland.

Program våren 2026

  • 23. januar: Marte Roa Syvertsen
  • 19. februar: Halvor Ulvenes
  • 19. mars: Torgeir Waterhouse
  • 23. april: Tommy Sørbø
  • 7. mai: Hilde Henriksen Waage

Fylg med på aktivitetskalenderen Kva skjer for utfyllande program Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Vinje har eit hovedbibliotek. Det ligg i Åmot. Det er i tillegg ein filial på Edland skule og ein på Rauland skule.

På biblioteket er der ein stor utstyrsbank der du kan låne alt frå symaskin til telt.

Her er link til biblioteksida og utstyrsbanken Åpnes i nytt vindu.

Den kulturelle spaserstokken (DKSS) er ei ordning med mål om å sørge for at dei eldre på sjukeheimen og omsorgsbustadane i Vinje får tilgang til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet.  Føremålet er å levere ulike arrangement for seniorar ved sjukeheimen og omsorgsbustadane gjennom året. Me fyller programmet med både kjende og ukjende folk som har noko spennande å formidle. Mange av dei er utøvarar frå kulturskulen og det lokale kulturlivet. Programmet blir laga i samarbeid med kulturkontaktane ved institusjonane. 

DKSS blir administrert av Kultur og fritid, og kontaktperson er kultursjef Kristian W. Rantala. 
E-post: kristian.rantala@vinje.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?