Aktivitetar, tilbod og kurs

Å vera aktiv, delta og bidraga gjev glede og meistring for mange, og det handlar ofte om å gjera noko saman med andre. Det gjev gode opplevingar og kjensle av å høyre til. Å vera i aktivitet er samstundes nødvendig for å utvikle og oppretthalde god helse, både fysisk og mentalt, og gjev auka livskvalitet.

Under kva skjer kalenderen, blir det lagt inn arrangement og kurs i regi av lag- og organisasjonar, private og kommunen.

Seniorakademi gjev tilbod til dei som i moden alder og i sosialt fellesskap har lyst til å lære meir. Tilboda er opne for alle. 

Me arrangerer foredrag, kulturtilskipingar og turar der me tek opp ulike emne, utan sikte på å gje formell kompetanse. Arrangementa kan vera på Vinjehuset, Raulandsakademiet eller Edland. Inngang på foredraga er for tida kr 200.- for medlem og kr 300.- for andre. Kaffe og kake eller mat er inkludert i prisen.

Me tek sikte på å ha eit foredrag i månaden på dagtid, med mat og røur etterpå. Vekedag kan variere, men fortrinnsvis torsdag eller fredag. Arrangementa blir lagt ut på aktivitetskalenderen “Kva skjer i Vinje”.

Som medlem i Folkeakademiet får du medlemspris på SeniorAkademi Vinje og alle andre tilskipingar som Folkeakademiet Vinje har. Du blir medlem ved å melde deg inn i Folkeakademiet Vinje eller Folkeakademiet Rauland. Medlemskontingenten 2024 er kr 300.- for einskildmedlem og kr 400.- for familie. Les meir om medlemskap i Folkeakademiet her.  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Gruppa som jobbar med Seniorakademi Vinje er: Synnøve Bratland, Knut Berdal Ringhus, Boudewijn Kerssemakers, Signe Marie Kittelsaa, Bibbi Tveito og Heidi Hylland.

Haustprogram for Seniorakademi Vinje 2024

Sjå her for å lese haustprogrammet for 2024 Pdf, 129 kB.

Seniorsenteret på Rauland held til i lokala til Gamle Sondovbui i Rauland sentrum, og er ope måndagar frå kl. 11.00 - 14.00. Her kan dei som er 60+ møtast til prat og hygge, og enkelte gonger blir det annonserte aktivetar som kurs, informasjon og føredrag. 

I samarbeid med representantar for ungdomsklubben på Rauland har Gamle Sondovbui på Rauland blitt areal for både ungdomsklubb og seniorsenter. På den måten ynskjer me også å oppnå at me kan dra veksel av kunnskapsdeling mellom unge og eldre, og skape hyggelege og nyttige generasjonsmøte i lag. 

Målet er å skape ein uformell, sosial møtestad som heilt og fullt er drive av brukarane sjølve, basert på frivilligheit. 

Kommunestyret har løyvd midlar til oppstart av seniorsenter på Rauland, som ei pilotering av eit tilbod som er meint at kan vidareutviklast og finne si form også i dei andre tettstadane i kommunen. Saman med ei gruppe seniorar i Rauland har ideen blitt konkret, og denne seniorgruppa har blitt til eit interimsstyre for pilotperioden januar-mai 2025. I denne perioden vil tilbodet bli prøvd ut og forma. 

Vinje har eit hovedbibliotek. Det ligg i Åmot. Det er i tillegg ein filial på Edland skule og ein på Rauland skule.

På biblioteket er der ein stor utstyrsbank der du kan låne alt frå symaskin til telt.

Den kulturelle spaserstokken (DKSS) er ei ordning med mål om å sørge for at dei eldre på sjukeheimen og omsorgsbustadane i Vinje får tilgang til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet.  Føremålet er å levere ulike arrangement for seniorar ved sjukeheimen og omsorgsbustadane gjennom året. Me fyller programmet med både kjende og ukjende folk som har noko spennande å formidle. Mange av dei er utøvarar frå kulturskulen og det lokale kulturlivet. Programmet blir laga i samarbeid med kulturkontaktane ved institusjonane. 

DKSS blir administrert av Kultur og fritid, og kontaktperson er kultursjef Kristian W. Rantala. 
E-post: kristian.rantala@vinje.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?