Velkomen til Seniordagane i Vinje 2026!
Dagane har som mål å skape gode opplevingar for seniorar og pårørande.
Samskaping mellom tilsette i tenestene og innbyggjarane er viktig i utarbeiding av programmet. I år er innhaldet i programmet utarbeidd i samarbeid med representantar frå Norske Kvinner Sanitetsforening (NKS) Vinje, Vinje Folkeakademi, Pensjonistlaget, Eldrerådet og tilsette i Vinje kommune
Som tidlegare år vil dagane innehalde dagseminar, kveldsarrangement og Vidopne dører på omsorgssenter og sjukeheim. I år vil turdagen bli erstatta med Generasjonsleikane.
Dagseminar på Raulandsakademiet
- Tid: 21. mai, kl. 09.30-15.00
- Tema: Aktivitet, fellesskap og tryggleik.
Du får høyre på fleire spennande føredragshaldarar, og får mellom anna lære meir om aktivitet utan aldersgrense, digital tryggleik, råd om brannvern i heimen, tryggleik ved kriser og om helseteknologi.
Kveldsarrangement på Vinjehuset
- Tid: 28. mai, kl. 19.00
- Kim Wigaard - Sangens kraft og musikkens betydning
Høyr flott song, og bli med på eit inspirerande foredrag der Kim snakkar varmt om kor godt musikken kan vere for oss alle, og kva slags tyding musikken har for oss menneske.
Kim deler varmt erfaringar frå arbeidet med Demenskoret, korleis dei gjennom musikken skapar gode minne, men endå viktigare – korleis dei skapar meistringskjensle og ein betre kvardag for dei som har det litt tøft.
Les meir og bestill billett her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Generasjonsleikane på Edland
- Tid: 31. mai, kl. 12.00-15.00.
- Stad: Edland stadion
Kva er Generasjonsleikane?
Generasjonsleikane handlar om å vere aktive saman! Barn, foreldre og besteforeldre – ulike generasjonar som er i aktivitet gjennom idrett og leik. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det morosamt, ikkje å vinne. Laga som består av minst to generasjonar, er med på fleire ulike aktivitetar. Desse er lagt til rette slik at alle skal kunne vere med, uansett alder og aktivitetsnivå.
Korleis bli med på Generasjonsleikane?
Sett saman eit lag på 2-5 personar, til dømes to barn, tante og nabo-bestefar, eller mor og to barn – heilt opp til dykk. Undervegs i leikane kan de ta del i fleire ulike idrettar og spel. De treng ikkje å trene aktivt eller ha treningsklede for å vere med. Her møter du opp som du er.
Dette er ein del av seniordagane i Vinje og me samarbeider med Senter for Aldersvennleg Norge., Arrangørar er Vinje kommune, IL Rein, Øvre Vinje Sanitetslag og Øvre Vinje pensjonistlag.
Håpar me sjåast!
Les meir om arrangementet her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Vidopne dører
- Rauland omsorgssenter
Torsdag 4. juni kl. 14.00-16.30
Program: Suppe og rundstykke, song, kaffi, kaker og gode røur! - Vinje sjukeheim
Tysdag 9. juni kl. 12.00-15.00. Vinje sjukeheim er 50 år og alle er invitert til å feire dagan.
Program: Grillmat frå utegrillen, kaffi og blautkake, og musikalsk innslag. - Norheimstunet
Grunna ombygging er denne dagen utsett til over sommaren.
Pårørande og andre er varmt velkomne!
Program frå Seniordagane 2025
- Måndag 19. mai kl. 19.00 "Skråblikk på seniorlivet"
Opningskveld for Seniordagar i Vinje 2025. «Seniorkonsulentcoachen» fekk fritt spelerom i sitt forrykande Power Point show. Frode Gallefoss og Runar Nørsett er båe legar, og har samarbeidd i 20 år om å spreie humor og musikk i helsevesenet og på andre arenaer.
- Torsdag 22. mai kl. 10.00-15.30: Seniorseminar på Raulandsakademiet
Tema for årets seminar var Bustadplanlegging -
kva planlegg kommunen for, og kva ynskjer innbyggjarane?
- Vidopne dører på sjukeheim og omsorgssenter
👉Rauland omsorgssenter tysdag 20. mai kl. 14 - 17
👉Vinje sjukeheim tysdag 27. mai kl. 11 - 14
👉Norheimstunet fredag 6. juni kl.14.00 - 16.30
- Tur i regi av Friskliv og meistring
Turen vart lagt til Øvre Vinje eller Haukeli-området, og var eit samarbeid med Pensjonistlaget
Sist oppdatert
