Du kan no søkje om å få utbetalt eit innbyggartilskot på kr 5.000,- 
Tilskotet gjeld per husstand. 


Du må ha folkeregistrert adresse i privatbustad i Vinje kommune for å kunne søkje om tilskotet.
Utbetaling av tilskotet blei vedtatt i Vinje kommunestyre 16.11.2023

Utbetaling av innbyggartilskot

Kommunen har behov for ein del opplysningar for å kunne utbetale tilskotet. Det blir difor lagt opp til ein søknadsprosess, som tidlegare.
For dei som har søkt om innbyggjartilskot tidlegare, ser me helst at den same personen i husstanden søkjer om innbyggartilskotet også denne gongen.

Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt, eller få hjelp av andre - kan du ta kontakt med Tenestetorget. 
Du kan ringe oss på telefon 35 06 23 00 mellom kl. 09.00 og 14.00, eller kom innom oss, så hjelper me deg.

Spørsmål kan rettast til innbyggartilskot@vinje.kommune.no.

Ofte stilte spørsmål og svar i samband med søknadsprosessen, finn du nedanfor (trykk på + for svar):

Nyttige tips ved utfylling av skjema

  • Postnummer er 4 siffer
  • Telefonnummer er 8 siffer (ikkje legg inn punktum, mellomrom eller andre teikn – berre 8 siffer)
  • Kontonummer er 11 siffer (ikkje legg inn punktum, mellomrom eller andre teikn – berre 11 siffer)

Kvifor må eg søkje ?

Kommunen treng nokre opplysningar for å kunne utbetale tilskotet til rett person. Kommunen har til dømes ikkje opplysningar om kontonummer utbetalinga skal gå til. Det blir ikkje lagra, sjølv om du søkte sist gong.
Vilkår for utbetaling er folkeregistret adresse i privatbustad, denne kan ha endra seg frå sist gong.

Kan alle husstandsmedlemmane søkje ?

Nei, det blir gitt eit tilskot per husstand. 

Eg bur i fritidsbustad – får eg innbyggartilskot då?

Nei, tilskotet gjeld bygg som er regulert til bustad. Det er ikkje høve til å nytte fritidsbustad som fast bustad utan å søkje om bruksendring. Bygg skal ikkje nyttast til ana bruk enn det er godkjent for.

Eg bur i ein leilighet i bustad, men leiligheten har ikkje eiga adresse. Kan eg søkje?

Dersom leiligheta er regulert som eigen bueining kan du søkje.

Kva gjer eg når eg har sendt inn søknad, men med feil kontonummer?

Dersom du har lagt inn feil opplysningar må du søkje på nytt, så kanselerer me den fyrste søknaden. Du må søkje i sama namn som førre søknad.

Kan eg søkje om eg ikkje er folkeregistrert på den adressa eg leiger?

Nei, det er berre høve til å søkje om tilskot på den adressa du er registret på i folkeregisteret, sjølv om du er folkeregistrert i Vinje.

Folkeregisterlova § 6-1.Flyttemelding
«Den som endrer bosted innen en norsk kommune eller mellom norske kommuner, skal innen åtte dager etter flyttingen melde dette til skattekontoret»

Blir dette rekna som inntekt og skattepliktig ?

Nei, dette er eit reint tilskot og er dermed ikkje skattepliktig jf. Skattelova § 5-1.