Søknad

Vi jobbar med eit digitalt søknadsskjema, men inntil vidare må du laste ned eit PDF-skjema, fylle det ut og sende det til postmottak@vinje.kommune.no. Før du søkjer, er det viktig å lese gjennom reglane og vilkåra for det kommunale tilskotet, sjå nedanfor. Som søkjar vil du bli beden om å akseptere desse vilkåra.

Last ned søknadsskjema (PDF)

Reglar for kommunalt tilskot til landbruksføremål

Vedteke i kommunestyret den 14.2.2013, revidert 3.6.2015, 20.3.2019, 26.1.2022.

Generelle krav

  • Eigar eller brukar av landbruks – eller utmarkseigedom i Vinje kan søkje om tilskot etter dette regelverket – også fellestiltak. Det er krav om tiårig skriftleg leigeavtale der tiltaket skjer på leigd grunn.  
  • Større investeringssøknader skal godkjennast på førehand. Kommunen tek atterhald om ledige midlar
  • Det er krav til minst ti års drift etter sluttgodkjenning av tiltaket på eigedomen. Det skal vere drift i tråd med til dømes driftsplan – dette gjeld uavhengig av eigarskifte. Blir drifta avvikla innan ti år kan kommune krevje at tilskotet blir betalt tilbake, med 10 % nedtrapping for kvart år. 
  • Det er søkjer sitt ansvar at tiltaket er i tråd med gjeldane lover og  reglar.
  • Klagefrist for vedtak etter regelverket er tre veker. Klageinstans er kommunal klagenemnd. 

Sakshandsaming

  • Søknader skal vere skriftlege. Kommunen set krav til søknader og dokumentasjon, jf. søknadsskjema. Søknader blir handsama fort¬løpande, og kan knyttes opp mot ev. søknad til Innovasjon Norge. 
  • I medhald av delegasjonsreglementet gjev plan- og miljøutvalet rådmannen mynde til å gjere vedtak i kurante saker etter regelverket. Dette gjeld og for andre søknader med løyving under kr 10 000,-. 
  • Sakshandsamar skriv vedtak, fastsett arbeidsfrist og vilkår som gjeld for tilskotet. 
  • Kommunen kan krevje dokumentasjon av kostnader, og kan krevje synfaring ved sluttgodkjenning
  • Det kan søkjast om utsett arbeidsfrist, men ikkje meir enn totalt fem år. Kommunen kan utan varsel trekke inn løyvingar som ikkje er nytta innan fastsett arbeidsfrist.
  • Søkjer kan få delutbetalingar undervegs i tråd med framdrift av tiltaket. Minst 10% av tilskotet skal haldast tilbake til sluttgodkjenning
  • For større investeringssøknader skal søkjer gje ei skriftleg aksept av tilbodet.

Satsingsområde

Driftsbygning for sau, geit og storfe. Nybygg, ombygging, eller opp­gradering etter offentlege krav, samt stølsfjøs inklusive veg, vatn og straum. Også solcelleanlegg for landbruksdrifta

Inntil 20 % av kostnad  -

maks kr 600 000,-

Kjøp av privat eller statleg mjølkekvote for ku og geit

Inntil 50 % av statleg literpris

Grøfting av dyrka mark – gjeld for lukka drensgrøft

Kr 60,- pr. meter grøft

Oppgradering av dyrka mark – utover ordinær fornying av eng

Kr 1 200,- pr da

Vatningsanlegg – faste installasjonar

Inntil 20 % av kostnad

maks kr 100 000,-

Elektronisk overvaking av beitedyr – digitale bjøller, gjeld ikkje abonnement

Inntil 30 % av kostnad

Skogbruk – tilskot til motormanuell hogst. Dokumentert kvanta – virke for sal

Kr 100,- pr mfor tømmer

Kr   50,- pr. mfor ved

Skiping av grunneigar- eller utmarkslag

Kr 5 000,-

Tilleggs- eller bygdenæringar på gardsbruk med utgangspunkt i eigedomen sine ressursar. Investerings – og etablerkostnader. Gjeld ikkje utleigehytter

Inntil 20 % av kostnad –

maks kr 100 000,-

Grovfôrtilskot til veglause bruk på Møsstrond – for dei som mottek produksjons­­tilskot i jordbruket

Kr 100,- pr. da

Godkjent nydyrking

Kr 5 000,- pr. da – maks kr 250 000,- over tre år.

Grunnlag for tilskot er eks. meirverdiavgift.

 

Unntak frå reglane

  • Fellestiltak som til dømes fellesstøl, samdrift kan støttast med tilskot inntil 20 %, maks kr 900 000,-
  • Det kan gjevast tilskot til driftsbygning for andre husdyr enn nemnt over
  • Plan- og miljøutvalet gjer vedtak i saker som gjeld unntak frå regelverket