Tilskot til miljøtiltak i jordbruket (RMP-tilskot) 2024 – søknadsfrist 15 oktober.
Føretak som er godkjent for produksjonstilskot, kan søke tilskot. Miljøtilskotet kjem i tillegg til produksjonstilskotet, når du gjer ein ekstra innsats for miljøet eller kulturlandskapet.
Rettleiingshefte og meir informasjon om tilskotsordninga, finn du ved å klikke her.
Du kan overføre tiltaka frå i fjor i skjema.
For Vinje gjeld desse ordningane:
- Bratt areal – gjeld ikkje beiting. Sjå rettleiing for meir informasjon.
- Slått av verdifullt jordbrukslandskap. Sjå rettleiar her for meir informasjon - Kart over kor dette er, kan du finne her
- Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark. Sjå rettleiar her for meir informasjon. Kart over kor dette er, kan du finne her Gjeld også område rydda med SMIL-tilskot.
- Tiltak mot ureining/utslepp mot luft – nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsel, samt bruk av slangespreiar
- Skjøtsel av kulturminner og kulturmiljø. For steingjerde blir det berre gjeve tilskot det året tiltaket/ryddinga blir gjennomført – berre beiting er ikkje nok. Rydningsrøyser er teke ut av ordninga.
- Biologisk mangfald – slått av artsrik slåttemark.
- Seterdrift.
- Vedlikehald av ferdselsårer i jordbruket – t.d. stiar og tilkomst til kulturminne.
- Bruk av eigenprodusert kompost.
- Klimarådgjeving.
- Drift av beitelag – søknadsfrist for beitelaga er 15 november