1. Solfangarar: desse gjev varme ved strålingsenergi frå sola for å varme opp væske eller gass.
    Varmen kan nyttast til oppvarming av rom, tappevatn, i eit vassbårent system i bygningar, eller i ein industriell prosess.
  2. Solceller: desse gjev elektrisk energi. Solceller omdannar strålingsenergi til elektrisk energi. Straumen vert nytta direkte i bygninga eller sendt vidare ut på straumnettet.

Solenergianlegg, her solcelle- og solfangaranlegg, er å sjå til som byggteknisk installasjon, og vert å rekne som tiltak etter plan- og bygningslovas (pbl) § 20-1 f). Plassering og utforming av solcelleanlegg på bygg kan påvirke utsjånaden av bygninga, det vil sei bygningas estetikk og visuelle kvalitetar. Når ein skal installere eit solenergianlegg er der 3 ulike søknadskategoriar som vert aktuelle. Avhengig av storleiken på anlegget, og kvar det skal plasserast, kan det vera at de:

  1. Kan installere anlegget utan å søkje (altså ikkje søknadspliktig).
  2. Må søkje, men kan som tiltakshavar (tiltakshaver = du som eigar av solenergianlegget) sjølv vera ansvarleg for søknaden og arbeida. 
  3. Må søkje, og søknaden må sendast inn av eit ansvarleg føretak som tek på seg ansvar som Ansvarleg søkjar.
    Prosjektering og utføring må gjerast av eit føretak som tek på seg ansvar som Ansvarleg prosjekterande og Ansvarleg utførande. Eventuell kontroll må utførast av føretak som tek på seg ansvar for kontroll. Alle føretak som tek på seg ansvar, må tilfredsstille krav til kvalitetssikring jf. SAK-10 kapittel 10 og krav til utdanning og praksis jf. SAK-10 kapittel 11. Kommunen kan, jf. Pbl § 23-1, fritaka frå kravet om ansvar i tiltak der ansvarsrett etter vurdering ikkje er naudsynt. Det vil sei at der risiko er liten og konsekvensane i høve helse, miljø og tryggleik er små. Sjå pkt. 2 i slike høve.

 

Ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningsloven

 

Kva tiltak gjeld dette for?


Installering og endring av solenergianlegg på eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle er unnateke frå kravet om søknadsplikt, så framt anlegget ikkje:

  • Går over flere brukseiningar/ brannceller
  • Endrar fasadens karakter vesentleg 
  • Er plassert nærare nabogrense enn 4 meter, jf. pbl § 29-4
  • Er i konflikt med planføresegner for området

 

Kven er ansvarlig for kva?


Du er sjølv ansvarlig for at tiltaket (tiltaket = solenergianlegget) fylgjer føresegna i plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter, arealplanar som kommuneplanens arealdel og reguleringsplan, og andre løyve. Installasjonen av det må heller ikkje vera i strid med anna regelverk, som til dømes byggegrenser i veglova eller kulturminnelova med tilhøyrande føresegner.

Me rådar til at du informerer naboane dine før du monterer anlegget.

Om solenergianlegget fører med seg ei vesentlig fasadeendring eller ikkje avgjerast ved faglig skjønn. Vi rådar  av den grunn til at du høyrer med kommunen før du monterer eit solenergianlegg utan å søkje.

Eksempel på moment som kan være avgjerande i ei vurdering av søknadsplikt om fasadeendring eller ikkje, kan vera plassering og utstrekning av anlegget, materialbruk og fargekontrast, refleksjon og eksponering i høve til omgjevnadane, omsyn til heilskapeleg utforming i eit område og den arkitektoniske eigenverdien til bygget.