Vil du vera med på Sommarskule i Vinje? I år vil det bli fire veker med gratis sommarskule for elevar i 5.-10.klasse. Her vil me gjennomføre ulike aktivitetar med fokus på meistring og glede – vårt mål er at det skal vera GØY å bruke ei ferieveke på sommarskulen! Me vil vere både inne og ute på ulike stader i kommunen vår.

Me har bestemt oss for å ha ulike temaveker på sommarskulen – det betyr at ingen veker er like, du kan difor vere med på fleire veker om du ynskjer. Me kan diverre ikkje garantere at alle elevar kan vere med alle vekene. Dersom me ser at det er for mange påmelde, vil me fordele plassane slik at alle får vere med på omlag like mange veker, og elles ved loddtrekning.

Tema for dei ulike vekene vil publiserast på vår eigen facebook-side med navn Vinje Sommarskule 2021. Sida finn du her, . Du kan og finne sida dersom du søkar på @sommarskulevinje. Om du ikkje finn sida, kan du kontakte ein av koordinatorane for å få hjelp. Det er viktig at alle påmelde finn fram til sida, då det primært er her all info om tema, aktivitetar, oppmøte m.m. kjem.

Sommarskulen vil bli gjennomført i vekene 25, 26, 31 og 32.
Me tek utgangspunkt i måndag til fredag frå klokka 09.00-15.00, men dette kan variere dersom det er nødvendig for enkelte aktivitetar. Det vil bli ordna transport fra Øyfjell, Rauland, Edland og Åmot til staden me skal vere den aktuelle dagen. Dersom du ikkje har moglegheit til å vera med alle dagane, eller fulle dagar kvar dag, er dette også heilt i orden så lenge me får beskjed på førehand og de ordnar transport sjølv. 

Det er klassetrinnet du gjekk i skuleåret 2020/2021 som skal førast opp, så ordnar me grupper og aktivitetar som passar for deg. 

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.