Denne undersøkinga er for deg som er busett i kommunen eller er hytteeigar i kommunen rundt Hardangervidda.

Kommunane som har areal på Hardangervidda ynskjer å ta godt vare på fjellområdet. Dette krev ein god balanse mellom bruk og vern. Spørjeundersøkinga har som mål å få brei kunnskap om bruk og meiningar om området.

Undersøkinga vert utført av NINA (Norsk Institutt for Naturforskning) på oppdrag frå ei brei samansatt styringsgruppe med mellom anna kommunar, grunneigarlag og villreinutvalet.

Link til undersøkinga finn du her.

Di meining er viktig for oss, så me håpar du tek deg tid! Undersøkinga tar 10-15 minutt, og du svarar anonymt.

På førehand takk!

Kontaktpersonar
For Vinje kommune er Øyvind Myren Tjøstheim - oyvind.myhren.tjostheim@vinje.kommune.no
For Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) er Sofie Selvaag, sofie.selvaag@nina.no