Frå 18. juli blir det Stolpejakt i Vinje kommune. Dette er eit samarbeid mellom kommunen, turistinformasjonane, Vinje IL, IL Dyre Vaa og ivrige hytteeigarar. 

Stolpejakten er eit gratis lågterskel aktivitetstilbod for alle, det er ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode om du vil nytte telefonen for registrering. 

Stolpane kan registrerast på 3 måtar:
1. Skriv kodane og namnet på papirkart og lever på tenestetorget før 1. november.
2. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på di side.
3. Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefonen og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane.

Dei ulike fargane syner kor vanskelig det er å finne stolpane:
Grøn - Svært lett
Blå - Lett
Raud - Middels
Svart - Vanskeleg  

Papirkart med kodeskjema kan du få på Groven Camping, Rauland Turist og Haukeli Bue. Du kan også laste ned frå www.stolpejakten.no under kart på "brukarvalg" til høgre på sida etter at du har registrera deg.

Sumaren 2020 finn du stolpar i Åmot sentrum, Rauland sentrum, Edland/Haukeli sentrum, Raulandsfjell, Vierli og Vågslid. Det er sett ut 57 stolpar i kommunen. 

Bli med på jakta! Dette er vårt fyrste år og me er spente på om det blir mange "stolpejegarar" i Vinje. Er du innom 25 stolpar blir du med i trekninga av tre premiar - 2 gåvekort på kr. 1000,- (Rauland fjellsport eller på butikkar i Åmot sentrum) og ein kjølebag med spanande innhald. 

Hugs å levere skjema til tenestetorget før 1. november om du nyttar manuelt skjema.

God jakt!