Alle som er busette i Vinje kommune kan no søkje om storviltjakt på eigedomen Berunuten vest.
Dette gjeld både villrein- og elgjakt.

Søknadsfristen er 3. juni.
Søknadsskjema finner du her

Til orientering:
Styret for eigedomen har vedteke fylgjande jakttid for villrein: 20. august – 30. september.
Elgjakt til vanleg tid: 25. september – 23. desember.
Styret har òg vedteke og ikkje gje løyve til inntransport av jegerar og utstyr i samband med villreinjakta, berre til uttransport av slakt frå Bamsebu og Hellevatn.