• Alle som får tildelt villreinkort i fyrste tildeling på eigedomen, må taka dei ut (gjeld ikkje 16-18 åringane), viss ikkje vil dei misse alle oppsamla poeng. Det skal vere tungtvegande grunnar for å behalde poenga, med det meiner styret sjukdom (legeattest krevjast).
  • Styret oppmodar spesielt 16 -18 åringane til å søkje. Eigen kvote for desse. Dei som vert trekte ut misser ikkje poeng.
  • Tildeling av kort på reservelista vert ikkje slavisk delt ut frå nr. 1 og nedover, men vert delt ut til dei som på førehand seier ifrå om at dei ynskjer dyr. Ved tilbod om dyr før jaktstart (20.08) misser du poeng, etter jaktstart beheld du poenga. Det vert også i år opna for å kunne danne jaktlag, dette frå fyrste jaktdag av.
  • Dei som jaktar elg må ha tilgang på ettersøkshund.

Jakttid villrein 2023: 20. august til 20. september

Les forskrifta her