Tema til Trygg Trafikk i juni er fokuset på bruk av bilbelte. Det er viktig at alle som sit i bilen brukar bilbelte - og brukar det rett.


Bilbelte er ein enkel og effektiv tryggleik for deg og dei du reiser saman med.

Beltesjekken:​
  • Stram belte over skulder og hofte, ned mot lår
  • Pass på at belte ikkje ligg over magen, under armen, bak ryggen eller på andre oppfinnsame måtar.
  • Sjekk jamleg at belte sit som det skal.
  • Ta av tykke ytterjakker og dressar.
  • Sjekk at telefon, nettbrett og andre gjenstandar ikkje ligg lause i bilen.