Vinjes befolkning fortener stor takk og klapp på skuldra!
Når me fekk fleire vaksinedoser denne veka, kunne me gje alle innbyggjarar over 18 år tilbod om 1. dose. Responsen denne veka har vore utruleg god – og det midt i ferietid! 
Me er så fornøgde! Onsdag blei det satt 607 vaksinedoser og på torsdag nye 235.

Nokon har av ulike årsaker måtta utsett avtale om fyrste dose, og vil få denne seinare.

Ein stor takk til helsepersonellet vårt som stiller opp veke etter veke for å gjere denne viktige jobben, de gjer ein fantastisk jobb!

God sommar!