NB! Kurset som er sett opp i Vinje er no fullt! Det er framleis plass på kurset som er sett opp i Kviteseid. 

Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark arrangerer kurset “Tankevirus” i Vinje i oktober. Dette er eit kurs for deg som ynskjer å lære om korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det.
Les meir her, på www.tankevirus.no

Kurset går over 3 gonger, om lag 1,5 time kvar gong

  • Samling 1: Vårt psykologiske immunforsvar
  • Samling 2: Tankevirus
  • Samling 3: Psykologiske vitamin

Kurset i Vinje er på Trevet i Åmot (bibliotekbygget): 

  • Tysdag 15. oktober, kl 13.30 - 15.00 
  • Tysdag 22. oktober, kl 13.30 - 15.00 
  • Tysdag 29. oktober, kl 13.30 - 15.00

For meir informasjon og påmelding:

Les informasjonsskriv om kurset her

For påmelding og informasjon, ta kontakt med oss på e-post: rph@vest-telemark.no eller ring oss på telefon 90 67 01 30. Kurset er gratis.