Det er installert teleslynge i desse bygga:

  • Vinjehuset, festsalen
  • Vinjar, festsalen - trådlaus. Brukar må ha sløyfe rundt halsen
  • Raulandshuset, festsalen
  • Edland samfunnshus, festsalen
  • Trevet (møterom i 1. et. på bibliotekbygget)

Kommunehuset har skranke-teleslynge på Tenestetorget. Formannskapssalen og kommunestyresalen har oz teleslynge. Det er også teleslynge i Grunge, Vinje og Rauland kyrkje.

HLF-laget Vinje-Tokke har ei mobil teleslynge. Den er lagra på Trevet (Bibliotekbygget i Åmot) og kan leigast etter avtale.