Velkomen til kurs m/Siri Søftestad og Inger Lise Andersen,

Vinjehuset 25.09.19, kl. 08.30 – 16.30

Tema for dagen:

Vald og seksuelle overgrep: fokus på definisjonar, korleis kommunisere med barn ved mistanke, både generell og spesifikk mistanke, og utfrå symptomer/åtferd og korleis møte barns spontane utsagn.

Traumeforståing: definisjonar, korleis det påverkar barns nevrologiske utvikling (hjernens utvikling, både normalt og ved traumer), og korleis dette påverkar åtferd. Traumebevisstilnærming – korleis kan me forstå og møte dette i barnehagen, skule, barnevern etc på måtar som er hjelpsame for barna. Dette er ei tilnærming som alle barn vil profittere på.
 

På vegne av Vinje kommune og Folkeakademiet Vinje ynskjer me alle som jobbar med barn og unge, og andre som synes dette er viktige tema, velkomen til kurs.

Fint viss de kan sei ifrå så mange de blir, kva for eining/kommune de kjem frå innan 18.09.19 pga av matservering, er det allergiar må de og sei ifrå.
Send påmelding til: heidi.ronningen@vinje.kommune.no

Kurset kostar kr.200.- for deltakerar frå andre kommunar